Styret
Leiar
Mobil: 91176680
Eg er oppvaksen i Sverige og
bur no med familien på 5 på Indre Hafslo.
Eg har ein norsk lundehund, ei tispe på 3,5 år.
Me har trent litt lydigheit og rallylydigheit.
Har delteke på offisielle konkuransar som klubben har arrangert, med svært varierande resultat.
Har også delteke på klubbmeisterskap i rally og agility. Det er kjempemoro å gjere ulike ting saman med hunden min.
Me blir liksom eit team.
For tida er eg leiar i Luster hundeklubb. Eg håpar me snart får på plass eit område som me kan kalla vårt.
Og så ynskjer eg at me kan vere ein klubb der alle med interesse for hund, på alle nivå, kan trivast.
Nestleiar
Mobil: 91835324
Eg kom hit til kommunen i 1985 og er busett i Gaupne.
Eg har no to tisper, mor og datter,
av rasen engelsk springer spaniel.
For tida trener eg mest rallylydigheit og lydigheit, litt bruks og eg har begynt å snuse på smeller.
Eg har i mange år vore aktiv innan blodspor, ettersøk og jakt, men helsa set nokre begrensingar.
Så har eg i mange år drive med oppdrett og stilt ut. Eg var med å skipa klubben i 1986 då eg flytta til kommunen.
Eg er NKK-trinn 2 instruktør jakt, rallylydigheitsinstruktør, dommar for ettersøk, jaktanleggsprøve og apportprøve for spaniels.
For meg er det viktig at Luster hundeklubb er ein inkluderande og aktiv klubb for alle hundeeigarar i Luster og omegn - uansett nivå og mål.
For å få dette til er det viktig å ha gode treningsfasilitetar og instruktørar. Mangel på fast, eigna stad å vera sommar som vinter og få fleire til å vera instruktørar, er den største utfordringa klubben har no. Eg håpar også at fleire yngre vil vera med å trene hund aktivt.
Styremedlem
Mobil: 47 68 02 29
Eg kjem frå Hafslo, men bur i Sogndalsdalen.
Eg har to border terrier tisper.
Den eldste fekk eg i 2015, då var eg 15 år.
Me prøvde oss så vidt på utstilling, men begynte etter kvart med agility og har drive aktivt med det sidan 2019.
Den yngste fekk eg no i 2024.
Me skal driva fast med agility, men har også lyst til å prøva oss i nokon av dei andre hundeaktivitetane.
Eg har gått fleire agilitykurs for ulike innleigde instruktørar. For meg er det viktig at hundeklubben er ein aktiv klubb med ulike tilbod, slik at ALLE føler seg velkomne.
Samt at me kan legga til rette for dei som har lyst å satsa på hundeaktiviteten sin, får moglegheit til det.
Eg har og eit ynskje om at me skal få til å rekruttera fleire unge inn i hundeklubben og miljøet.
Styremedlem
Randi Nundal Aarøy
Eg bur i Gaupne.
Eg har ein Border Collie hannhund på 3 år som heiter Mico.
Han har lopper i blodet og det er full fart frå morgon til kveld. Me har prøvd oss på smeller og rally,
men driv ikkje med noko aktivt pr. i dag.
Mico likte veldig godt å trene smeller,
så me trenar litt heime på søk og div.
Som styremedlem i Luster hundeklubb synes eg det er spennande å få vere med både utvikle klubben
og å lære om hund og dei
ulike hundesportane klubben kan tilby treningar i.
og håpar Luster hundeklubb skal få fleire medlemmar som kan vere med og både promotera og
vidareføra klubben i framtida.
Me må vera ein klubb for alle, både amatørar og aktive.
Styremedlem
Henrik Kjos Kvam
Oppvaksen på Hafslo,
bur no i Solvorn med sambuar, 3 ungar og 2 hundar,
ein Tysk jaktterrier på 11år og 1 shetland sheepdog på 8 år.
Har dreve med litt forskjellig med hundane,
utstilling, agility og spor.
Har dei siste åra ikkje vore så aktiv på konkuransar,
men vore med å arrangert agilitystevne,
vore prøveleder på sporprøvar m.m!
Eg håpar klubben får eit området som er meir eigna for trening
og konkuranse samt at me kan bygga oss ein hall
og halda aktivitetsnivået oppe, også på vinteren.
1. Vara
Birthe Tveiten
Eg bur i Fortun.
Eg har drevet med hund i mange år, og har vore innom ulike hundesportar.
Avhengig av hunderasen, har eg og hundane mellom anna trent og/eller konkurrert i blodspor, lure coursing, bruks og rallylydigheit.
Eg har også hatt to godkjente besøkshundar i Røde Kors, med faste besøksrundar på sjukeheim.
Eg har delteke som hjelpeinstruktør og arrangert kurs med innleigde instruktørar i regi av hundeklubben.
Eg sit som varamedlem i styret og eg ynskjer å bidra til ein inkluderande og aktiv hundeklubb, som gir eit godt tilbod til alle interesserte i heile Luster kommune.
2.vara
Arne Lomheim
Eg bur pao Hafslo.
Me har ein hund, Rusken, som er ein blanding av border collie og berner sennenhund.
Han blir 5 år no. Me driv med rallylydigheit som me starta med etter kvelpekurs etter gode tips og råd.
Har delteke på ein del konkuransar med ganske bra resultat. Eg driv kun med rallylydigheit og trivst godt med det.
Eg tykkjer det er sosialt og kjekt og driva med noko i lag med hunden.
Eg har eit ynskje om at hundeklubben og aktivitetane me driv med blir kjent utover klubben, slik at fleire får kunnskap om kor kjekt og sosialt det er å driva med hundesport.