Gruppene
Felles informasjon om treningane i Luster hundeklubb
Klubben ser etter nytt utandørs treningsområde. Me har avtale om å få leige eit område på Hafslo.
No når kveldane vert lysare og snøen smeltar, vil det nok kunne verte ein del trening på ulike stader ute.
Alle treningane vert annonsert på klubben si facebookgruppe.
Invitasjon til kurs vert sendt ut på e-post til alle betalande medlemmer av klubben og medlemmene har 1. prioritet ved påmelding til kurs.
Me håpar å kunne tilby fleire kurs i løpet av 2024.
Gruppene/Kontaktpersonane er invitert til å skrive litt om kva dei driv på med og planlegger å drive på med framover. Kontaktpersonane er ikkje vald på årsmøtet, men er person(ar) som har tilbydd seg å prøve å få til aktivitet i den aktuelle hundesporten. Nokon aktiviteter har organisert seg i grupper, andre kontaktpersonar står nokså åleine enno. Uansett så treng kontaktpersonane hjelp frå andre medlemmer (DEG!) for å kunne tilby treninar og anna aktivitet. Ein hundeklubb bygger på dugnad.
Har du generelle spørsmål som gjeld klubben, så sender du desse til klubbens e-postadresse som er 1lusterhundeklubb@gmail.com
Må oppdateres i 2024.
Agility
Kvar tirsdag har klubben fast agilitytrening. Agility er ein hundesport som fokusera på samspel og samarbeid mellom hund og hundeførar. Ein skal gjennom ei løype med ulike hinder, som hunden skal passere i rett rekkefølgje. Målet er å ha færrast mogleg feil på kortast mogleg tid. Hindera er hopphinder, hjul, mur, lengdehopp, bom, vippe og møne. I agility får hunden testa både den fysiske og mentale styrken sin. Det er krav til disiplin, fart, konsentrasjon og oppmerksomheit.
Alle medlemmar er velkomne til å delta på treningane uansett nivå/alder/rase. Ansvarleg for treningane er Julie Haugen Duesund og Kristine Haugen, men alle hjelper kvarandre. Me trenar på enkelthinder, kombinasjonar av hinder og heile baner. Treningane vert tilpassa etter nivå. Det varierer kor mange som er med på treningane, men me håpar å sjå endå fleire på treningane framover.
Kontaktpersonen i klubben for agilitytreningane er
Julie Haugen Duesund Mobil: 47 68 02 29 .
Send gjerne melding på facebook eller juliehaugen00@hotmail.com,
dersom du lurer på noko.
Smeller
Smeller tek føre seg ulike formar for søk. Hunden lærer å søka etter etter ein spesiell lukt, både inne i eit rom (romsøk), på ein spesiell bane (banesøk), på emballasje, og utandørs på køyretøy. I dagens regelverk er det søk etter skinn/lær i klasse 1 (oppover i klassane kjem det inn andre luktar), men i det nye regelverket vil det bli søk etter kong.
Det arrangerast stemner i hundesporten Smeller, med fire ulike vanskelegheitsgrader: klasse 1, klasse 2, klasse 3 og klasse Elite. Men det går fint an å trena smeller kun for aktivisering.
Søk er ein ypparleg aktivitet for ALLE hundar, uansett rase, alder og nivå – og dei aller fleste elskar det! Alle formar for søk styrkar hundens sjølvtillit og bygger relasjon mellom hund og eigar. Hunden blir mentalt stimulert og blir sliten og fornøgd med denne form for aktivisering.
Det trengst ikkje mykje utstyr for å komma i gang, og når hund og førar har fått litt grunnleggjande kunnskapar, er det enkelt å trena heima på eiga hand.
Hundesporten Smeller passar for alle som likar å utfordre hundens unike luktesans.
Sporten krev ingen forkunnskapar, er fri for tradisjonelle lydigheitsøvelsar, og er open for alle som har hund.
Hundesporten Smeller administrerast av Norsk Smellerklubb, som vart stifta i 2014. Klubben vart godkjent av NKK i 2017.
Dagens regelverk for Smeller er under revidering, og nytt regelverk skal etter planen tre i kraft 01.01.2023.
Kontaktperson i gruppa er Jane Nybø Torgersen mobil 94974055 e-post kennel.miasar@gmail.com
Lydigheit (LP)
Målet med treningane er å trene mot bronsemerkeprøve og øvelsane i det offisielle lydigheitsprogrammet. Øvelsane me trener på er tilgjengelegheit, dekk og bli, lineføring, sitt og bli, innkalling, hopp over hinder og springe frå førar ut til eit bestemt punkt eller rundt kjegler. Apport er ein øvelse litt høgare opp i klassane. Desse øvelsane er grunnleggande i fleire andre hundesportar som rallylydigheit og brukshundkonkurransar og er også nyttige øvelsar å kunne for familiehunden.
Alle medlemmer er velkommen til å delta på treningane uansett nivå/alder/rase. Grunna redusert plass der me trener inne er det påmelding for innetrening. På kvar trening er det ein treningsansvarleg som styrer treninga, men alle må hjelpe kvarandre dersom me skal få framgang. 2023 var det 10-15 som trener meir eller mindre fast. Når været tillet det starter me å trene ute. På treningane får du hjelp til å komme i gang med treninga av eigen hund. Du vil få vist kvar du startar og grunnøvelsane. For å få framgang i treninga er det viktig at du driv regelmessig eigentrening mellom kvar fellestrening.
Klubben har fleire NKK-instruktørar som alle kan dømme bronsemerkeprøven. Den er eit fint mål å trene mot sjølv om du ”berre” ynskjer deg ein lydig familiehund. Det er nytt regelverk for bronsemerket frå og med 2022, så me har ingen video å linke til enno, men me skal prøve å få tatt video av alle øvelsane og legge denne på gruppa til hundeklubben. Me lærer inn nye øvelser ved hjelp av positiv forsterking. Du er velkommen til å sjå på treningane våre dersom du lurer på kva me driv på med.
Synes du dette høyres interessant ut?
Kontaktpersonen i klubben for lydigheitstreninga er Inger Handegård.
Ho er NKK trinn 2 instruktør og rally-instruktør. Send henne ein melding på facebook/messenger, sms til mobil 91835324 eller epost til kenneldesperado@gmail.com dersom det er noko du lurer på.
Rallylydigheit
Mottoet til rallylydigheit er glede, samspel og haldningar.
Rallylydigheit er ein hundesport der ekvipasjane skal komme seg gjennom 15 – 22 øvelsar. Øvelsane er trykt opp på nummererte skilt, som er sett saman til ei bane av ein dommar. Øvelsane kan bestå av moment frå lydigheit, agility og freestyle. Før ekvipasjen startar konkurransen, har førar 10 minutt forberedelsestid, kalla brefing, for å lære seg bana utan hund. Skilta i bana fortel deg kva du skal gjere, anten på staden eller vidare på veg til neste skilt. Mange meiner rally er ein lågterskelsport, sidan alle må gå med hunden i band i den lågaste klassen. I klasse 2, 3 og elite går hunden laus. Alle startar på 200 poeng, og så trekk dommaren poeng etter kvart som ekvipasjen eventuelt gjer feil i løpet av bana. Ei rallybane er alltid forskjellig utforma, konkurransen går på tid, og det er fort gjort å gjere feil. Heldigvis kan ein repertere øvelsar dersom ein gjer feil.
Luster Hundeklubb har fast rally-trening kvar onsdag. Det er ope for alle medlemmar, men pg.a noko plass- og tidsbegrensing har me hatt påmelding med «først til mølla-prinisppet» i vinter. Likevel har me hatt ein gjeng på 10-15 ekvipasjar som har delteke fast det siste året. I denne gjengen er det mange nybyjarar. Klubben har ekvipasjar i representert i alle 4 rally-klassane. Fleire av dei er aktive i konkurransar. Me prøver å lage treningsstevner innimellom, slik at me òg skal lære oss å takle konkurransesettingen.
Høyres dette spennande ut, er alle medlemmar velkomne til å melde seg på trening. Forhåpentlegvis kan me ha fleire ekvipasar på treninga når snøen er reist og kveldane vert lysare, slik at me kan vere ute. Om nokon berre ønskjer å komme å sjå på ei trening er de sjølvsagt velkomne til det.
Klubben skal arrangere offisielt stevne 2.-3. juli 2022. Her er eit ypperleg høve til å sjå kva rallylydigheit er, og me blir glade for om nokon har lyst å hjelpe oss denne helga.
Eva Røneid er klubben sin kontaktperson for rallytreninga.
Ho er NKK trinn 1-instruktør og rally-instruktør.
Har de spørsmål kan de kontakte ho via FaceBook/Messenger
eller på mail henriroe@online.no
Bruks
Planlegg oppstart av brukshundtrening nå som våren kjem med trening fast 1 dag i veka. Oppstart veke 14 med opphald i påska. Treningane vil bli lagt ut i denna gruppa:
https://www.facebook.com/groups/551539358635533/
Treningane blir lagt opp med både innlæring for ferske ekvipasjer og meir konkurranseretta trening for dei som skal starte på bruksprøver i løpet av sesongen. Vi kjem til å trena spor, rundering, feltsøk, og lydighetsøvelsane i bruks. Vi kjem til å variere områder og terreng (Hafslo, Kaupanger, Leikanger, Sogndal). Vi ser litt an interesse og prøver å tilrettelegge treningane etter ønske, alle hjelper alle. Her kan de lese meir om kva øvelser som inngår i klassane i NBF bruksprøver:
Kontaktperson er Marina Eriksson mobil 94240891 e-post marinaeriksson88@hotmail.com Hjertelig velkomne til å prøve på bruks!
Blodspor/ettersøk
Kontaktperson er Morten Norheim mobil 90580610 e-post monorhe@online.no
Utstilling
Kontaktperson er Tore Jan Anda mobil 93425372 e-post torejan1960@gmail.com