Fleire kurs og medlemsmøter er under planlegging.
Invitasjon til kurs vert sendt på epost til alle betalande medlemmer av klubben.
Ledige plassar vert lagt ut på heimeside og facebook 1 uker senere.
🐾 Lydighetskurs 🐾
Er du nysgjerrig på å begynna trena lydighet mot brukshundsport eller LP, eller trenar du alt noe av det og har lyst å vidareutvikla lydigheta mot konkurranse? Har du og hunden utfordringar som du syns er vanskeleg å løysa opp i? Her tek vi utgangspunkt frå kor du og hunden din er idag og kva di har lyst å ha hjelp med. Er du usikker på om kurset passar deg og din hund, ta kontakt så finner vi ut av det.
Kvar samling starter med ein liten gjennomgang av ulike ting feks:
Nyinnlæring av noen lydighetsmoment (feks sitt, dekk, bli, stå, lineføring/fri ved fot, innkalling, hopp over hinder, kryp, hals på kommando, gå foran i line, apport på lydigheta (det kjem eit anna apportkurs mot feltsøk og rundering)).
Belønningsutvikling
Innlæring og bruk av hjelper i ulike øvelsar (feks håndtarget, potetarget, omvendt lokking, bakpartskontroll)
Trena med, og mestra forstyrrelsar
Vidareutvikling av lydighetsmoment
På detta kurset er alle hundar over 7 månader velkomne.
Vi trenar til å begynne med 1 og 1 hund og ser ann om vi kan trena fleire samtidig alt etter nivå. Vi tilpassar avstand etter kva hundane handterar.
👩Instruktør
Marina Eriksson.
Marina er utdanna NKK instruktør Trinn 1 og Trinn 2 bruks. Marina har også lært mykje av sin kunnskap av erfarne hundetrenare ho trent med og gått kurs til sjølv.
Marina er opptatt av å sjå kvart individ i trening, både hund og førar, og finne små detaljar som kan gjera ein forskjell for eit godt samarbeid og ein god relasjon.
Marina har to hundar ho trenar aktivt. Ein australian shepherd og ein bruksschæfer. Ho konkurrera i brukshundsport (NBF), med begge hundane. Med aussien har ho konkurrert i den store brukshundkonkurransen The Challenge fleire år på rad, med fleire topp 10 plasseringa. Hundane er godkjent redningshund ettersøkning (aussien) og lavine (schæferen) i NRH. Ho har også konkurrert noe lydighet og rallylydighet med aussien. Marina er også tatt ut i Norsk Brukshundsport sin talenttropp 2025/2026 med schæferen.
⌚Tid
Kurset går over fem kveldar.
Mandag 9. mars kl.18:00-20:30 (2,5 timer)
Mandag 16. mars kl.18:00-20:30 (2,5 timer)
Mandag 23. mars kl. 18:00-20:30 (2,5 timer)
Tirsdag 7. april kl.18:00-20:30 (2,5 timer) (Tirsdag grunna påska)
Mandag 13. april kl.18:00-20:30 (2,5 timer)
📍Sted
Ylvisåker grusbana. (Kurset blir utendørs på område med belysning.)
💰Pris
Kr. 1875,- for medlemmer i Luster hundeklubb
Kr. 2500,- for ikkje medlem i Luster hundeklubb
Juniormedlem i LHK (under 20 år og registrert i medlemslista) får Kr. 250,- i avslag på kurset.
Prisen for observatørplass er kr. 200 for medlemmer, kr. 300 for ikke medlem.
Påmeldinga er økonomisk bindande.
👥 Kurset har plass til maks 6 deltakere. Kurset kan verta avlyst dersom me ikkje får minst 4 deltakarar. Medlemmar har 1. prioritet fram til 2 mars.
⌛Frist for påmelding torsdag 5 mars.
📩 Alle som melder seg på får nærare informasjon på e-post om dei får plass, betalingsinfo og stad for første kurskveld. Første e-post med bekrefta plass vert etter planen sendt ut kvelden fredag 6 mars.
💉Hugs at hunden din må vera vaksinert etter reglane til Norsk Kennel Klubb for å delta på kurs.
❓Spørsmål
Rettes til Marina Eriksson som SMS til telefon 94240891 eller e-post til marineriks@gmail.com
Informasjonsmøte/medlemsmøte med tema: Hundesporten lydighet (LP)
torsdag 6. mars kl. 18.00
Stad: Banksalen i Gaupne
Møt UTAN hund.
Lydigheitsprøver - forkorta til LP - er ein hundesport der hunden skal gå gjennom eit kjent sett med øvelsar.
Det hadde vore kjekt å få bygt opp att interessa for lydigheitsprøver i klubben og det er målet med dette informasjonsmøtet.
Lydigheit er basis også for hundesportane rallylydigheit og brukshundprøve.
Det vil bli arrangert nybegynnarkurs i lydighet - bronsemerkekurs - i hundeklubben i vår når forholda tillet at me kan trene ute.
For å få maks utbytte av eit slikt kurs er det lurt å ha trent på kontakt og grunnøvelsar FØR kurset.
Kurset vil bli avslutta med ein frivillig bronsemerkeprøve.
Meir informasjon om kurs kjem når me ser at vær og føre tillet at me kan trene ute på ettermiddagane.
Planen er å få til meir organisert og konkurranseretta lydigheitstrening i klubben.
Er det stor interesse for å trene lydigheit, kan det bli krav om å ha bestått bronsemerkeprøven for å vera med på konkurransetreningane, eller at ein har tilsvarande kontakt med og kontroll over hunden.
Lydigheitsprøven foregår i ein ring med dommar og ofte ein som kommanderer.
Så lenge du er i ringen er det ikkje lov å belønne hunden med godbitar eller leike, men du kan rose og kose med hunden mellom kvar øvelse.
Alle øvelser vert gitt karakterer der 0 er underkjent øvelse og frå 5 og opp til maks 10 er godkjent øvelse.
For å trene lydigheit må du ha noko som hunden har lyst på slik at du kan belønne den. Det er som regel snakk om godbiter eller leik.
Me startar med å belønne kontakt. Kontakt betyr at hunden ser på oss og vil vera saman med oss utan at me har kommandert den til å gjera dette.
Utan frivillig kontakt er det tungt/vanskelig å trene.
Neste steg er å lære hunden belønningssignal og me lærer den enkle grunnøvelsar.
Me set som regel ikkje kommando-ord/namn på nokon øvelsar før hunden kan dei skikkeleg.
Eksempel på grunnøvelsar er å følge etter oss, å svinge på rompa når bakbeina står roleg, sitt, dekk, håndtarget, bli, omvendt lokking og mange, mange fleire.
Når hunden kan dei enkle grunnøvelsane gjer me dei bittelitt vanskelegare ved at hunden får mindre hjelp frå oss.
Me set namn på dei ulike grunnøvelsane og me startar å setje grunnøvelsane saman til deler av ein øvelse.
Slik jobbar me oss sakte og sikkert oppover ein treningsstige mot det mål å klare ein heil øvelse og til slutt klara alle øvelsane i programmet utan å få belønning mellom øvelsane - me belønner først når me har gått ut av ringen.
På møtet går me gjennom kva lydighetsprøver er og me forklarer og demonsterer innlæring av ein del grunnferdigheiter.
Då har de litt tid å starte å trene på desse FØR det vert kurs.
Du treng ikkje å melde deg på møtet - men det er fint om du trykker SKAL på arrangementet me legg ut på Facebook.
I lydigheit er det 5 ulike klassar:
Bronsemerkeprøve - uoffisiell prøve. Alle som er godkjent instruktør gjennom Norsk Kennel Klub kan dømme denne.
Øvelsane er tilgjengelegheit, lineføring, dekk frå holt, innkalling, hopp over hinder og 1 min enkelt dekk.
I tillegg får ein karakter for heilheitsinntrykket. Hunden er i line på lineføring - laus på resten av øvelsane.
For å få tildelt bronsemerket må ein ha godkjent, minst 5 poeng, på alle øvelsane på ein og samme prøve.
Det er lagt ut video av bronsemerkeprøven på FB-gruppa til hundeklubben og meir beskrivelse av øvelsane ligg på gruppa som fil.
Klasse 1 - den lågaste offisielle klassen.
Er veldig lik bronsemerkeprøven, men det er to nye øvelsar - fremadsending med stå (utsending til rute) og kontroll over hunden på avstand (sitt og dekk på 2 meters avstand). I tillegg er det felles dekk 1 minutt. Øvelsen tilgjengelegheit er obligatorisk, og du må bestå denne for å få gå vidare i øvelsane.
Dersom du får minimum 5 på alle øvelsane får du tildelt sølvmerket første gongen du klarar det.
Med eit snitt på 6 får du 3. premie, eit snitt på 7 gir 2. premie og eit snitt på 8 gir 1. premie.
1. premie gir opprykk til neste klasse, dersom du ynskjer det. 3 x 1. premie i klassen gir mellomtittel LP1 dersom du har ein reinrasa, registrert hund.
Me håpar dette høyres litt spennande ut og at me ser deg på møtet.
Helsing LP-gruppa i Luster hundeklubb
Har du spørsmål om lydigheit som du vil ha svar på før møtet kontaktar du Inger Handegård på tlf 918 35 324 eller sender ho melding på Facebook.