Lydigheit og rallylydigheit

Har du lyst å trene mot prøve/starte på prøve?

Her finn du link til alle regelverk for offisielle prøvar i Norge

Her finn du link til terminlista for alle offisielle prøvar i Norge

Og her finn du link til påmeldingsskjema som kan nyttast til alle prøver

Før du melder på prøve må du hugse på at hunden din må vera minst 9 månader gammal, den må vera ID-merka, den må vaksinert mot kvelpesjuke og smittsom hepatitt etter NKK sine reglar og den må vera registrert i NKK (har du ein hund født i utlandet må den omregistrerast og har du ein blandingshund må den registrerast i NOX-registeret).

Øvelsane i rallylydigheit klasse 1

Her ser du korleis alle øvelsane i rallylydigheit klase 1 skal utførast.

Rallylydigheitsøvelsar klasse 1 <-- Link

Rallylydigheit klasse 1

Her kan du sjå korleis det ser ut når ein briefar banen før start i rallylydigheit klasse 1 og korleis ein klasse 1 bane kan sjå ut:

Briefing av bane og ein klasse 1 bane på konkurranse <-- Link

Me vil etter kvart også leggje ut link til videoar som viser appellmerkeprøve i lydigheit og klasse 1 lydigheit.

Lydigheitsgruppa i Luster hundeklubb

Har hovudansvar for treningar retta mot konkurranselydigheit (LP), rallylydigheit (rally), brukshundprøvar og anna lydighetstrening som foregår på bane.

Lydigheitsgruppa i Luster hundeklubb (LP- gruppa) er ei arbeidsgruppe underlagt styret. Gruppa såg dagens lys våren 2012 då lydigheitsinteresserte i klubben vart invitert til å vera med på eit oppstartsmøte. På oppstartsmøtet vart det vedtatt å ha ei arbeidsgruppe, eit lite gruppestyre, på tre personar. Desse tre personane har hovudansvar for å organisere arbeidet til gruppa. Det vart sett som eit ynskje at desse tre personane skal vera busett i Luster kommune. LP-gruppa har arbeidsmøte med jamne mellomrom og alle referat frå desse møta ligg tilgjengeleg for alle medlemmer i klubben.

Vedtatt arbeidsmål for LP-gruppa:

Auke interessa for og kvaliteten på dei medlemmene i klubben som vil ha LP-konkurranse som ein sport og hobby og mål om å starte på konkurransar. Arbeidsfeltet til gruppa vil vera kurs/møte/treningar frå appellmerkeprøve og oppover til eliteklasse LP. Kreativ lydigheit (freestyle og heelwork to music) er ein del av gruppa sitt arbeidsområde. Det same gjeld anna lydigheitstrening på bane (brukslydigheit, apport osv.)

Sidan LP-gruppa starta opp har rallylydigheit vorte ein offisiell konkurranseform og ein sport som LP-gruppa også arbeider aktivt med. Gruppa arrangerer kurs i båe lydigheit og rallylydigheit. Gruppa har ein fast treningskveld på Nes i sommarhalvåret der interesserte medlemmer hjelper kvarandre – uansett nivå, rase osv. LP-gruppa arrangerer klubbmeisterskap i både lydigheit og rallylydigheit. For 2015 er det søkt om offisielt rallystevne første helga i mai.

I vinterhalvåret manglar me ein stad å trene. Vinteren 2013-2014 vart ridehallen på Kaupanger leigd eit par gonger. Dette ynskjer me å fortsetje med til vinteren som kjem. Håpet var å finna eit tomt lokale i Luster kommune som kunne vore nytta til innetrening om vinteren.

Kven er vi som er i denne arbeidsgruppa?

Inger Handegård

– leiar av arbeidsgruppa

Mobil: 918 35 324

Er NKK trinn II instruktør og instruktør i rallylydigheit. Dømmer appellmerkeprøvar.

Konkurrerer sjølv aktivt i rallylydigheit og lydigheit og har hund med opprykk til eliteklasse lydigheit

og som har klart rallylydigheitschampionat og ein som har 2 x cert. Konkurrerer også litt brukshund –nordisk program (NBF).

Eva Røneid

- medlem av arbeidsgruppa

Mobil: 46 97 07 29

Er NKK trinn 1 instruktør. Konkurrerer sjølv aktivt i rallylydigheit og lydigheit og har hund som har 2. premie i klasse II lydigheit og som har fått 1. premie i klasse 3 rallylydigheit.

Gunnveig Fretland Hodlekve.