Fleire kurs og medlemsmøter er under planlegging.
Invitasjon til kurs vert sendt på epost til alle betalande medlemmer av klubben.
Ledige plassar vert lagt ut på heimeside og facebook 1 uker senere.
Grunnferdighetskurs - 8 timar.
Kurset er ope for hundar i alle aldre, med eigarar som ynskjer å lære hunden sin grunnleggande øvelsar for bruk i kvardagen eller for vidare trening. Du er velkommen uansett nivå du er på med hunden din.
På kurset går ein igjennom øvelsar for å skape gode vaner, slik som å ha kontakt med eigar sjølv om det er andre hundar i nærleiken, kunne vente og komme på innkalling.
Vi går gjennom håndtering og bli stelt, som kan være til stor nytte for egen pleie av hunden men også veterinærbesøk.
Du får ei innføring i korleis lære hunden din ulike øvelsar som du kan ha nytte i kvardagen med hunden din.
Vi går gjennom ulike belønningsteknikkar som du kan ha stor glede av i vidare trening og for å skape ein god relasjon med hunden. Du kan sjølvsagt stille alle dei spørsmål du måtte ha.
Instruktør vert Marina Eriksson. Marina er utdanna NKK instruktør Trinn 2 bruks. Ho er aktiv og konkurrerer i bruks, har godkjent redningshund ettersøkning og lavine i NRH. Har også konkurrert noe lydighet og rallylydighet.
Kurset er på 8 timar med instruktør - 4 kveldar a 2 timar. Pris kr 1200 (Kr. 1600 for ikkje medlem i Luster hundeklubb) Juniormedlem i LHK (under 20 år og registrert i medlemslista) får kr. 250 i avslag på kurset.
Du får informasjon om betaling når du har fått bekrefta plass på kurset. Du som ikkje har fått kvelpen din enno, eller som har for ung hund, er velkommen til å vera med som observatør. Då skriv du observatør i namnet på hunden 🙂 Prisen for observatørplass er kr. 200 for medlemmer, kr. 300 for andre.
Du er medlem i klubben når du har betalt medlemsskapet gjennom NKK og står på medlemslista vår. Anna familiemedlem enn den som står på medlemslista kan gå med hunden på kurset. Me krev ikkje medlemskap for meir enn ein person som bur under eit og samme tak.
Kurset går over fire kveldar. Kvar kurset blir fysisk vert teke stilling til når me ser kvar dei påmeldte bur. Det blir i området Leikanger - Hafslo.
Onsdag 21. mai kl.18:00-20:00 (2 timer) Me startar med litt teori, der hundane ventar i bilen.
Onsdag 28. mai kl.18:00-20:00 (2 timer)
Onsdag 04. juni kl.18:00-20:00 (2 timer)
Onsdag 11. juni kl. 18.00-20.00 (2 timar)
Hunden må være fylt 12 veker ved kursstart og det skal ha gått 14 dagar etter første vaksine. Hugs at hunden din må vera vaksinert etter reglane til Norsk Kennel Klubb for å delta på kurs. I kortversjon så betyr dette at den skal vera vaksinert mot kvelpesjuke ein gong etter fylte 10 veker.
Spørsmål kan rettes til instruktør Marina Eriksson som SMS til telefon 94240891 eller epost til marineriks@gmail.com
Kurset har plass til maks 8 deltakere. Kurset kan verta avlyst dersom me ikkje får minst 4 deltakarar. Medlemmer har 1. prioritet i den rekkefølga dei melder på fram til fredag 16. mai.
Alle som melder seg på får nærare informasjon om dei får plass, betaling, stad for fyrste kurskveld på e-post. Første e-post vert etter planen sendt ut kvelden søndag 18 mai.
2024
Stad: Banksalen i Gaupne - 3. etasje. Inngangen er til venstre for hovudinngangen til banken.
Dette møtet har fokus på trening av hund og er 2. teorikveld i "kurset" i grunnferdigheiter. Alle medlemmer er velkommen - uansett om de er med på kurset eller ikkje.
Det me satsar på å gå gjennom er:
- Kva har me som me kan bruke som belønning til hunden?
Dersom me ikkje har noko som hunden har lyst på,
er det vanskelig å trene hund. Noko kan vera leik, mat, kos, aktivitet mm
- Når likar hundane å bli tatt på/kosa med - og korleis?
- Utan kontakt ingen trening
- Kva trener eg på - og kva belønner eg?
- Forskjell på grunnferdigheiter og kjeder
- Bruk av klikker - Trene på å vente ut hunden.
- Treningsdagbok - kvifor?
- Repetisjon på omvendt lokking
- Bakpartskontroll - bruk av kasse
- Håndtarget - innlæring
- Ha kontroll over eigne bein - ha eit system som hjelper hunden
- Frivillig løpe til eiger (bruke godbitskål)
- Løpe rundt kjegle - begge vegar
- Snurre
- Vidare trening på å gå fot/på plass.
- Kva gjer eg når hunden ikkje synes trening er gøy?
Hjelper det at eg blir meir aktiv?
- Kva skal hunden gjera på når me pauser eller er ferdig å trene?
- Belønning = fri?
Treningsutfordring for alle: Få hunden til å frivillig gå opp i ei kasse og til slutt sette seg der UTAN å lokke eller kommandere.
Velkommen! Du treng ikkje å melde deg på til møtet.
Berre møt opp (utan hund).
Helsing styret
Invitasjon til å vera med på kurs/treningsgruppe i grunnferdigheiter fram til nyttår
Styret, og fleire av oss som har ansvar for treningane i Luster hundeklubb, ynskjer at alle medlemmer i klubben skal få hjelp til å trene sin hund. Me ser at mange som kjem på fellestreningane manglar dei grunnøvelsane som hunden bør kunne for å få utbytte av dei organiserte fellestreningane. Desse grunnøvelsane bør ein lære hunden i fred og ro heime. På kvelpekursa våre lærer me bort ein del grunnferdigheiter, men overgangen frå kvelpekurs til fellestreningane i klubben er ofte stor. Me har dessverre enno ikkje tilgang til eit innadørs treningslokale i kommunen. Fellestreningane vinterstid må foregå ute når været er nokonlunde samarbeidsvillig, det er lyst eller på ein stad som er opplyst.
Hovudmålet med dette kurset/denne treningsgruppa med instruktør er at dei som vil vera med på dei organiserte treningane klubben brukar hausten og vinteren til å trene på grunnferdigheiter, slik at de får større utbytte av fellestreningane når me startar opp att med desse til våren. Kurset er ope for alle - frå deg som er heilt nybegynnar til deg som har komme lenger i treningane og kanskje også har konkurrert. Det vert invitert til treningar med instruktør ut frå kva nivå du er på og kva grunnøvelsar du trener på.
Alle medlemmer kan vera med på dette kurset for du kan trene grunnøvelsar uansett om hunden din er 3 månader eller 10 år. Det er heller ingen krav til grunnkunnskapar hjå førar/eigar for å vera med. Det er ingen krav om at du har lyst å vera med på fellestreningane våre til våren eller trene mot prøve.
MEN: For å oppretthalde treningsmotivasjonen over tid treng dei fleste av oss eit konkret mål å trene i mot. Utan eit konkret mål er det vanskeleg å vite kva ein skal trene på og det er vanskeleg å gi hjelp. For å få stort utbytte av dette kurset bør du ha som mål å trene mot øvelsar i lydigheit eller rallylydigheit.
Her finn du link for påmeldingsskjema
Helsing styret
Då er denne fine gjengen hatt siste kurskveld på kvelpekurset Utruleg flinke eigare og kvelpar!
Kvelpekurs i Gaupne - 6 timar.
18 april.
Me er glade for at me klarar å tilby eit kvelpekurs no tidleg på våren.
Påmeldingsskjema og meir informasjon finn du ved å følge linken: https://forms.gle/wRtrzeo61VSDJEPj6
Kvelpekurs i Gaupne - Hafslo - 6 timar 22 august 24 Fullt
Påmeldinga er økonomisk bindande.