Fleire kurs og medlemsmøter er under planlegging.
Invitasjon til kurs vert sendt på epost til alle betalande medlemmer av klubben.
Ledige plassar vert lagt ut på heimeside og facebook 1 uker senere.
Minner om at det er halv medlemsavgift frå 1. september.
Du melder deg inn via www.nkk.no
ONSDAG 15. FEBRUAR 2023 KLOKKEN 19:00
Årsmøte
Banklen i Gaupne
Årsmøte med vanlege årsmøtesaker og truleg eit fagleg tema.
oppdatert 18 januar
Det nærmar seg årsmøte i Luster hundeklubb og valkomiteen i hundeklubben skal komme med forslag til styre for 2023.
Styret i hundeklubben er både velfungerande og stabilt,
men i år har me eit ekstra behov for nye
personar til styret og framfor alt ny leiar.
Me har velfungerande grupper som tek seg av mesteparten av det praktiske, men me treng ein leiar som kallar inn til styremøter mm. Utan leiar - ingen klubb...
Har du lyst å gjere ein innsats i klubben eller har forslag til nokon som kunne være med send oss ei melding om det i PM til valnemnda som består av
Nina Heiberg og Grete Bugge
eller på e-post til klubben si adresse 1lusterhundeklubb@gmail.com
slik at me kan videresende til valnemnda. Frist for å komme med forslag til nye styremedlemmer er 4 veker før årsmøtet, dvs. 18. januar.
Me minner også om at no er tida for å fornye medlemskapet. Mange har kanskje fått melding om dette via vipps.
Du kan også logge inn på Min side på www.nkk.no og betale med kort.
2022 har vore eit veldig bra år for agilitygruppa
Me har vore mange på treningane, nokon av oss har konkurrert og gjort det bra der, me har hatt flinke instruktørar på kurs og me hadde eit vellykka klubbmesterskap
Luster Sparebank, Tømrar Lars Erik Kjos AS og Luster Energiverk
gav oss spons til nytt agilityutstyr i sommar
Avery Dennison NTP AS sitt gåvefond tildelte oss ein god sum i haust,
som og skal gå til nytt agilityutstyr.
Me har motteke noko av det nye utstyret - resten vert bestilt i januar.
Me er veldig takksame og glade for støtten me har fått frå bedriftene!
Det hadde ikkje vore mogleg å fornya utstyret utan deira støtte.
Nytt utstyr gjer det også mogleg for Luster hundeklubb å arrangera vårt første offisielle agilitystevne!
Det blir 20. og 21.mai 2023.
Dommar er i boks, og me er så heldige å få låna Hafslo Idrettslag si fotballbane i Moane til å halda stevnet på Meir informasjon kjem.
No er det juleferie for agilitygruppa
Me startar opp igjen med organisert trening 5.januar.
Håpar at alle får ei riktig god jul!
NYTT REGELVERK GJELDENDE FRA 1.1.2023
Sportshundkomiteen (SHK) har 29.09.2022 godkjent øvelseslisten og øvelser gjeldende fra 1.1.2023. Resten av regelverket vil komme før 2023, med noen små justeringer.
Norsk Rallylydighetsklubb publiserer i mellomtiden øvelseslisten og øvelsene som gjelder fra 1.1.2023, slik at deltakere, instruktører og dommere kan sette seg godt inn i disse.
Resten av regelverket blir publisert når dette er ferdigstilt og godkjent.
Øvelsesliste og øvelser gjeldende fra 1.1.2023
Agilitystevne
20. og 21.mai 2023
Luster hundeklubb arrangerar Agilitystevne helga 20.-21. mai 2023.
Dommar: Bodil Mehl Wiik
Alle løp vil gå på gras.
Stevne skal haldast i Moane på idrettslaget si fotballbane. Området vert inngjerda.
Oppsettet for stevnet vert slik:
Laurdag 20.mai: 3 løp i hopp
Søndag 21.mai: 3 løp Agility
Det vert 5 størrelsesklassar
Det vert moglegheit for måling av hund.
Me håpar fleire ynskjer å delta, enten som erfaren konkurrent, eller for fyrste gong!
Elles treng me ein del folk som kan bidra med dugnadsarbeid denne helga.
Me treng blant anna folk i ringen (sekretær, tidtakar, banebyggjar), kiosk m.m.
Eigen Mail vert sendt ut i forbindelse med dugnad, med meir informasjon og påmelding
Påmelding på Devent opnar etterkvart.
Meir utfyllande info kjem på eit seinare tidspunkt.
30. JUNI - 2. JULI 2023
Trippelstemne i rallylydigheit.
Luster hundeklubb ynskjer velkommen til rallydigheitsstemne. Det blir ettermiddagstemne fredag og dagtid laurdag og søndag. Dommar Taran Helene Juvet. Kl 1 til elite.
Meir info kjem.
Luster hundeklubb er på Instagram
Hundeklubben har mange medlemmar, og me som administrera instagram-profilen klarar ikkje å halde oversikt over alt medlemmane våre gjer og er med på av hundeaktivitetar.
Me er heller ikkje aktive i alle dei ulike sportane sjølv, så me er avhengig av at andre sender oss innhold for å få vist fram mest mogleg av dei ulike aktivitetane som klubben tilbyr
Dersom du har bilete og/eller video som du ønskjer skal bli delt på Luster hundeklubb sin instagram ønskjer me helst at du sender det på direktemelding til @lusterhundeklubb på instagram. Eventuelt ta kontakt med Julie Haugen Duesund eller Kristine Haugen på messenger.
PS: Skriv ein enkel tekst til det du sender. Tenk at alle skal forstå teksten (og evt resultatet ein har oppnådd i konkurranse) uansett kva nivå ein er på
Håpar at mange vil dele fine og inspirerande bilete med oss
Her får du rask informasjon.
Du treng ikkje vera medl på FB
for å sjå kva som ligg her og sjå bilete
Luster hundeklubb
vipps # 105539.
------------------------
Bli medlem.
Gå inn på www.nkk.no
og meld deg inn der.
Du kan då betala medlemsskapet
direkte med kort og verte registrert
som medlem på dagen.
Les mer om medlemskapet her
Nytt treningsområde
Me har mista dei fine området på Nes der me har vore i 10 år, men me har fått eit nytt treningsområde på Moane for 2022. Sjå kart. Hugs å ta omsyn til andre brukarar av Moane når du parkerer og plukk opp etter hunden din når du lufter den i området.
Det vert også trent andre stader i og utanfor Luster og me har nokre treningar i det gamle treningssenteret ved idrettshallen i Gaupne.
Helsing styret
Resultater.
Klubbmesterskap i lydigheit 2022
Klasse 1:
Klubbmester med 287 p og 1.premie Christoffer og Kristin
Nr. 2 med 284 p og 1 premie Caisa og Eva
Nr. 3 med 265 p og 1 premie Malou og Kristin
Nr. 4 med 248 p og 2 premie Grimm og Reni
Nr. 5 med 244 p og 2 premie Akira og Maria
Nr. 6 med 237 p og 2 premie Falk og Linn
Nr. 7 med 207 p og 3 premie Eist og Birthe
Nr. 8 med 200.5 p og 3 premie Theo og Tone
Nr. 9 med 196.5 p og 3 premie Ben og Tone
Klasse 2
Klubbmester med 259 p og 1 premie Yksi og Inger
Nr. 2 med 239 p og 2 premie Nosi og Marina
Nr. 3 med 234 p og 2 premie Happy Me og Inger
Nr. 4 med 164 p Betzy og Eva
Så kjekt med så mange som starta og så mange fine prestasjoner sjølv om ikkje alt klaffa som på trening. Me må ha ny treningskonkurranse på nyåret for dette var nyttig!
Rasane som starta var aussie (4), labrador (2), springer (2), schafer, lundehund, cocker, sheltie (2).
Takk for flotte gåvepremiar!
Fra 1.1.23 gjelder nye vaksinasjonsbestemmelser for hunder som deltar på utstilling eller prøve i regi av Norsk Kennel Klub.
NKKs hovedstyre vedtok endringen i fjor høst, og de iverksetter fra og med 1. januar i år. De gjeldende reglene er som følger:
• Alle hunder som skal delta på arrangementer i regi av NKK skal ha gyldig vaksine mot valpesyke, parvo og smittsom leverbetennelse.
• For hunder under 6 måneder, skal siste vaksinasjon ha blitt utført ved minimum 12 ukers alder og vaksinens gyldighet er da 1 år
• For hunder vaksinert ved 6 måneders alder eller eldre, er vaksinens gyldighet 3 år dersom ikke annet fremgår av vaksinasjonsattesten
• Ved førstegangs vaksinasjon må det ha gått minimum 2 uker fra vaksinasjonsdato før hunden kan delta på NKK arrangement.
Attest på gyldig vaksinasjon må kunne fremlegges. Kontroll av at gjeldende innførsels- og vaksinasjonsbestemmelser er fulgt kan forekomme.
Avlyst
Nybegynnarkurs i rallylydigheit
12-13 november 2022
Prøver igjen på nyåret, følg med.
Velkommen til klubbmesterskap i rallylydigheit på «gamle» treningsenteret i Gaupne 5 Oktober.
Dommarar blir Stine, Gunnveig og Eva.
Me er ikkje utdanna dommarar nokon av oss, men me skal gjera så godt som me kan.
Velkommen til ein kjekk rallykveld. (Tisper med løpetid får desverre ikkje starta.)
Takk til sponsorene
Klubbmesterskap Agility
var 17/9 kl 12:00
Luster Hundeklubb inviterar til klubbmesterskap i agility lørdag 17. september kl. 12.00 på klubbens område i Moane.
Det vert klubbmesterskap i Agility Hopp (utan felthinder) og Agility (med felthinder) i alle størrelsar S - M - L.
Spørsmål kan rettes til kristineh1993@gmail.com
Dobbeltstevne i Rally-lydigheit i Luster
2 - 3 juli 2022
Luster Hundeklubbdobbeltstevne i rally-lydigheit 2 og 3 juli 2022
Dommar: Birgit Espeland
Bilder ligger under diskusjon på
Agilitykurs med Ina Himle
14. og 15.mai 2022
Om kurset
Bilder og resultat finner du her
Utdanningsplan for instruktører trinn I Grunnopplæring av hund
Ta kontakt med styret på epost: 1lusterhundeklubb@gmail.com
Årsmøte 25 Februar! 2020
Kl 19.00. på Teams.
Innkalling er sendt ut til alle Luster hundeklubb sine medlemmer.