2022
Nybegynnarkurs i rallylydigheit
12-13 november 2022
Luster hundeklubb arrangerer nybegynnarkurs i rallylydigheit 12-13 november 2022.
Rallylydigheit er ein morsom hundesport, som er ein slags kombinasjon av lydigheit, agility og freestyle. Kort sagt blir det sett opp ei bane, med 15-20 forskjellege skilt, der det står ulike øvelsar, som du og hunden skal utføre. Det kan for eksempel vere «sei sitt til hunden, og gå deretter rundt hunden», «gå slalåm mellom beina», «hopp over hinder» eller «snu 180 grader til høgre». Så gjer de det som står på skiltet, og går vidare til neste skilt.
Det fokuserast på glede, samspel og haldningar, som bidreg til ein god relasjon og eit godt samarbeid mellom hund og førar.
Det å trene målbevisst på dei ulike øvelsane, vil og komma til nytte i kvardagen. Hundane blir som regel meir lydhøre overfor oss, når dei erfarer at me finn på kjekke ting! Dei kan jo få sjansen til å oppnå ei belønning All innlæring skjer med positive, belønningsbaserte metodar.
Kurset er i utgangspunktet på 12 timar, men ved stor påmelding vil det bli inndelt i to grupper. Kl 10-16 begge dagar.
Instruktørar: Eva Røneid og Mona Nyløy
Pris:
1000 kr for medlemar
1400 kr for ikkje medlemar
Stad: gamle Luster treningssenter i Gaupne
Medlemar har førsteprioritet på kurset ei veke etter utsending av denne mailen. Etter ei veke blir kurset offentleggjort, og ved ledige plassar kan andre melda seg på.
Link til påmeldingsskjema: https://forms.gle/fzbFZSNU4fyKiEpt8
Kontakt Mona Nyløy på mail: mona@smedhaugen.com
eller mobil 97651922 om du lurer på noko angåande kurset.
Agilitykurs med Irene Yrstad
22. - 23 okt 2022
Fullt
Bli med på årets siste agilitykurs med Irene Yrstad!!
Irene Yrstad kommer til Luster 22. - 23 oktober 2022.
Irene har lang erfaring som agilityutdøver, og konkurrerer i dag med sine fire hunder Twix, Smash, Zalto og Zingo.
Hun har i flere år vært en del av det norske agilitylandslaget, og er en av ekvipasjene som reiser til VM i Østerrike 22. - 25 september i år. Der reiser hun sammen med hunden sin Twix som en del av small-troppen.
En måned etter VM kommer hun så til oss i Luster!
Irene har vært agilityinstruktør i nesten like mange år som hun har vært utdøver.
I treningen sin legger hun mye vekt på grunntrening og hundens forståelse med fokus på positiv innlæring med hyppig belønning. Irene trener og instruerer under mottoet: «Forståelse gir selvtillit, og selvtillit gir fart!»
Kurset passer for hunder og førere på alle nivå,
da kurset tilpasses ekvipasjen.
Funfact: Irenes far er fra Veitastrond!
Tid: 22.-23 oktober 2022
Sted: Hafslo
Instruktør: Irene Yrstad
Pris kr. 1500 for medlemmer/1800 for ikke-medlemmer
Observatør kr 300/500 begge dager
Maks 12 plasser!
6 per gruppe
NB! Hunden må være 12 mnd.
Meld deg på her: https://docs.google.com/.../1FAIpQLSc2.../viewform...
Kvelpekurs i Gaupne start 4 oktober
Fullt.
Kvelpekurs hausten 2022
All trening vil foregå med positiv forsterkning = belønningstrening.
Instruktør vert Mona Nyløy. NKK-trinn 1 instruktør og rallyinstruktør. Har opprykk til eliteklasse rallylydigheit, C-bruks og har planer om å starte konkurranser også i lydigheit, smeller og blodspor..
Kurset er på 8 timar med instruktør.
Målet med kurset er å gje deg kunnskap om det å trena hund, slik at du kan lære kvelpen din å bli en god familiehund, samt å lære inn grunnøvelsar som du kan bygge vidare på.
Kurset vil blant annet omhandle:
- Gå pent i bånd
- Kontakt
- Håndtering
- Innkalling
- Passeringstrening
- Enkle øvelser som sitt, ligg og bli.
- Aktivisering
Pris kr. 900 (kr. 1300 om du ikkje er medlem i Luster hundeklubb)
Juniormedlem i LHK (under 20 år og registrert i medlemslista) får kr. 250 i avslag på kurset.
Du får informasjon om betaling når du har fått bekrefta plass på kurset.
Kurset går over fem kveldar:
• Tysdag 4. oktober kl.18.00-20:00
teorikveld utan hund.
• Torsdag 6. oktober kl.18:00-19.30.
• Torsdag 13. oktober kl.18:00-19.30.
• Torsdag 20. oktober kl.18:00-19.30. (Denne datoen er eg litt usikker på, men om den ikkje går, blir det opphold til 27. oktober, og så tek me
torsdag 3. november i staden).
• Torsdag 27. oktober kl.18:00-19.30.
Kurset blir i Gaupne.
Teoridelen er i Lagshuset, og dei fire kveldene med praktisk trening blir i utgangspunktet i Gamle treningssenteret, (men kan bli flytta til utendørs dersom været er ok).
Deltakerne vil få nærmere informasjon på e-post.
Hunden må være fylt 12 veker ved kursstart praktisk trening og det skal ha gått 14 dagar etter første vaksine.
Hugs at hunden din må vera vaksinert etter reglane til Norsk Kennel Klubb for å delta på kurs.
I kortversjon så betyr dette at den skal vera vaksinert mot kvelpesjuke ein gong etter fylte 10 veker - på nytt att etter eit år dersom hunden din er så gamal, og så kvart tredje år.
Spørsmål kan rettes til instruktør
Mona på telefon 97651922 eller epost mona@smedhaugen.com
Kurset har plass til max 6 deltakere,
og passer best for kvelpar opp til 6 mnd.
Medlemmer i LHK har 1. prioritert fram til kurset vert lagt ut offentleg ei veke etter at denne e-posten er sendt ut.
1/10. Etter den tid er det førstemann til mølla.
Kvelpekurs/grunnkurs i Gaupne/Hafslo for kvelpar / nybegynnarar
Kurset er no fullt.
Det er framleis råd å melde seg på som observatør ved å sende e-post til kenneldesperado@gmail.com eller sms til 91835324.
Luster hundeklubb arrangerer kurs i "Control unleashed" 27-28/8-22.NB! Kurset er fullt, men det går an å bli med som observatør.
Instruktør Anette Buind Nordby. Kurset blir mest sannsynleg innandørs i Gaupne (evt utendørs på Hafslo).Kva er så Control unleashed? Det er eit konsept, laga av amerikanske Leslie McDewitt. Det rettar seg mot hundar som av ulike årsakar har problem med å jobbe og å halde fokus når miljøet rundt blir for vanskeleg/stressande. Det kan fx vera hundar som er reaktive, engstelege, lettdistraherte eller stressa.I Control unleashed brukast blant anna såkalla "mønsterleikar", som gir hunden eit mønster den kan kjenne igjen i forskjellige settingar. Dette gir hunden forutsigbarheit og tryggleik, og kan hjelpe den å takle vanskelege situasjoner på ein bedre måte.Det er og øvelsar som lærer hunden forskjellege avslapningsteknikkar.Det var 6 plassar på kurset.12 timars kurs over to dagar. Tidspunkt kjem me tilbake til.Pris:1800.- for medlemar2100.- for ikkje medlemar400 for observatørplass medlem500 for observatørplass ikkje medlem.
Er det noko du lurer på: kontakt Mona Nyløy påmobil 97651922 eller mail mona@smedhaugen.com
Vellykket kurs med menge observatører
Kurset er fullt
Luster hundeklubb arrangerer
kurs i hundesporten SMELLER 22-23/1-2022.
Kurset blir tilrettelagt for både nybegynnarar
og for dei som har teke grunnkurset før, og er klar for nye utfordringar.
Me er så heldige at instruktør Anette Buind Nordby vil ta turen til Luster for å halda kurs igjen.
Smeller går ut på at hunden skal læra seg inn ei lukt som den skal søka etter, det som ofte blir brukt er lær.
Dette er ein aktivitet/trening som passar for alle, alder ingen hindring hverken for hund eller eigar.
Dei fleste hundar tykkjer søksarbeid er veldig moro, og det er ein flott måte å aktivisere hundane på mentalt 👍
Pris: 1700.- for medlemar,
2000.- for ikkje medlemar
(medlemar har førsteprioritet)
Stad: lokalet i gamle Luster treningssenter i Gaupne, som hundeklubben disponerer.
8 plassar
Det er god plass i lokalet, og me legg tilrette for å kunna overholda krava til gjeldande koronareglar.
Kurset vil kunna bli avlyst dersom reglane tilsier dette.
Link til påmeldingsskjema:
Grunnkurs på Kaupanger
for kvelpar / nybegynnarar
Her finn du informasjon og påmelding til kurset på Kaupanger.
Instruktør er Linn Solsvik
Spørsmål kan sendast på e-post til
linnkina@hotmail.com
Agilitykurs med Ina Himle
14. og 15.mai 2022
Om kurset