Agility

Agility er enkelt sagt, hinderløp for hundar. På kortast mogleg tid skal ekvipasjen gjennomføre eit feilfritt løp på ei bane som består av forskjellege hindertyper (dette kan vera: hopp, lengde, tunnell, pølse, møne, vippe, slalåm, bom, mur og hjul). Dei fleste hundar lærer fort korleis dei forskjellige hindera skal utførast – derimot er det ofte ein utfordring å få hunden til å ta dei i den rekkefølgja den skal J

Agility er inndelt i to greiner:

- agility som har alle hindertypar i bana

- agility hopp, der alle felthinder (bom, møne og vippe) er utelatt.

Det er hundens skulderhøgde som avgjer kor høgt den skal hoppe.

Sidan det å springe, hoppe, balansere og svinge er ein naturleg atferd hjå hunden, er dette ein aktivitet mange hundar tykjer er moro!

Det er god trim både fysisk og mentalt, for både hund og førar J

Luster hundeklubb vedtok i 2010 å investere i ein komplett agilitybane, og dette var ein medverkande årsak til at medlemstalet auka og det vart meir aktivitet i klubben. Det er i dag fleire medlemar som konkurrerer i sporten, og endå fleire trenar agility på hobbybasis. I sommarhalvåret er det faste treningar kvar veke, og medlemar av Luster hundeklubb har tilgang til bana også utanom organisert trening. Det arrangerast både nybegynnar- og vidaregåande agilitykurs årleg.

Agilitystevne i Årdal 25.-27. juni 2021

Les mer om stevnet på facebook.

Dugnadshjelp agilitystevne i Årdal 25. - 27. juni 2021

Me har behov for fleire frivillige som kan stille opp gjennom heile helgi. Dei tidlegare åra har me hatt omlag 30 personar som har stilt opp i tillegg til stevnekomiteen. No håpar me at fleire av våre medlemmar vil delta på dette kjekke arrangementet!


Arbeidsoppgåvene me treng hjelp til dreier seg om:

Banemannskap:

Du sit inne i ringen/på bana og plukkar opp hinder som veltar o.l. og er med å bygger bane.

Sjåar og skrivar:

Du sit inne i teltet i ringen/på bana, og har som oppgåve å enten følgje med på dommaren og melde vidare beskjedar, eller å skrive ned tal feil og/eller disk.

Tidtakar:

Du står ved start- eller målstreken med stoppeklokke.


Det som er felles for desse arbeidsoppgåvene er at du ikkje treng nokon forkunnskapar om verken stevneavvikling eller agility, du får med deg alt av action, og bidrar til at konkurransen blir ei positiv oppleving for både to- og firebeinte!


Kort om programmet:

Me startar fredag 25. juni kl. 14.00 med dei første konkurransane. Desse vil halde på utover ettermiddagen.

Laurdag 26. juni er det start kl. 08.30 med offisielle løp, finale i «Aordalsmeisterskapet» og barn/hund. Denne dagen held me nok på til ca. kl. 19.00.

Søndag er det oppstart kl. 08.30. Denne dagen er me ferdig tidlegare med konkurransane, men heile området må ryddast og utstyr køyrast i Seimsdalen igjen.



https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSdfZlH8rwCYDQ393g9dvds2yiOTbH07cyVf6efQM_RCwzIwCw/viewform


Me takkar deg på førehand og ser fram til å sjå deg på Årdal Hundeklubb sin største happening – no også med Luster hundeklubb som medarrangør!