2017

Julemøte 13. desember kl. 19.00

på banksalen i Gaupne.

Luster hundeklubb inviterer til julemøte med gløgg, lussehundar.

Fagleg tema er hundespråk og kvardagslydigheit - dei to ynskja som fekk flest stemmer på meiningsmålinga me hadde.

Du treng ikkje vera medlem for å vera med -

ALLE er velkommen!

Det er fint om du trykker på om du kjem elller ikkje- slik at me ser ca. kor mange me blir.

Velkommen!

Innføringsmøte / kveld i hundesporten Smeller

ONSDAG 25 OKTOBER KL 19.

Korps-bu(Brannstasjon) Hafslo

Nasearbeid som passa for alle hundar i alle aldera som ein fin aktivitet /trening.

Me får besøk av Marit Stette Alme og Kristin Sindre Bjørkelo

frå Gloppen hundeklubb som vil visa oss innlæringa av SMELLER.

kr 100,-

Alle velkommne!

Kva er smeller? Sjekk ut Smeller.no for meir info!

Facebookarrangement link

Kvalpekurs.

7 oktober kl 13.00 Klubbhuset på Nes

-teori utan hund laurdag 7 oktober - praksis 8, 21 og 22 oktober.

Praksis 8 oktober blir kontakt, leik og enkle øvingar du kan gjere for å bygge relasjon med hunden din.

2. Helga tek vi for oss kvardagslydnad; døme gå fint i band, innkalling, sitt og bli, dekk mm.

Instruktør er Hege Kristiansen

Om det vert meir enn 6 ekvipasjar vert det laga som to paralelle kurs med felles teori med ei formiddags- og ei ettermiddagsgruppe på praksisen. Maks 6 ekvipasjar pr gruppe.

Medlemmar i Luster hundeklubben vert prioritert.

Besøksvenn med hund

Har du ein hund med godt lynne og vil glede nokon?

Bli besøksvenner saman!

10.–11. juni

Kurset blir på Røde Kors-huset på Hafslo.

Påmeldingsskjema

Viktig informasjon til deg som vil bli Besøksvenn med hund

Mer om besøkshund på røde kors sin hjemmeside.

Luster hundeklubb sin facebook

Blodsporprøven 28.mai.

Beste ekvipasje: 1. pr. Morten Norheim med Desperados Golden Gun

2. beste ekvipasje: 1. pr. Sjur Lauvdal med Steinkjelens Betty

3. beste ekvipasje: 1. pr. Jarle Rogne med Vossasvartens Dixi

link facebook

Luster Hundeklubb inviterer til open agilitydag tysdag 30. mai kl 18.00-20.00.

Lurer du på kva agility er?

Er du usikker på om dette er noko for hunden din - og deg? Kom og prøv da vel :) Me legger tilrette for at de kan prøve dykkar på forskjellege hindertyper, og få eit innblikk i denne artige hundesporten! Både vaksne hundar og kvelpar er velkomne, me tilpassar utfordringa til hundens alder.

Det koster ingenting å delta, og du treng ikkje vera medlem i Luster Hundeklubb. Sal av kaffi og kake i kiosken.

Dobbelt rallylydigheitstevne 20-21 mai 2017

Kurset er fullt.

Luster Hundeklubb arrangerer kvelpekurs.

Oppstart 22 mai

Kurset vil gå over fire måndagar frå klokka 18-20, med oppstart 22/5.

(Siden ein av måndagane er 2. pinsedag, får me vurdere om me skal hoppe over den, eller byte dag den aktuelle veke. Dette avtalar me ved oppstart.)

Instruktør Mona Nyløy og hjelpeinstruktør på nokon av kveldane blir Stine Eidslott Svinø.

Det er 5 plassar på kurset. Pris 900.- for medlemar, 1150.- for dei som ikkje er medlemar., og 650.- for juniormedlemar.

Kurset bygger på prinsippet om trening med positiv forsterking, og kurskveldane vil bestå av både teori og praktisk trening.

Me held til på klubbområdet vårt på Nes.

Meld på, og send eventuelle spørsmål til mona@smedhaugen.com.

Luster hundeklubb facebook

Påmelding her, samt send ein epost til meg med informasjon om deg

og hunden din, (rase, alder, kontaktinfo, anna eg bør vite) til he.kris@hotmail.com.

Har du spørsmål send ein epost el ring meg på tlf 47469631.

Pris kr 1000 for medlemmar i Luster hundeklubb og 1300 for dei som ikkje er medlem.

Om meg: eg tok instruktøreksamen i desember 2016. Eg har to mellompudlar og med eldstemann trener eg lydnad og rallylydnad. Eg har gått fleire lydnadskurs med han.

Velkommen på kurs! Eg gler meg!

Det er no opna opp for påmelding på web via Min side på www.nkk.no

Dommar vert Merete Kristensen.

Stevnet går på godt skjerma plass ute på gras.

Me gledar oss til stevne!

Det er eit stort og variert tilbod for overnatting i kommunen.

Gå på denne sida for å finne ein stad du vil bu: http://www.sognefjord.no/Overnatting

Næraste campingplass er Viki camping.

Nært er også Luster og Gaupne.

Rallystevnet facebook

Velkommen til oss!