Gruppene‎ > ‎Spor‎ > ‎

Tidligere


Det skal vera blodsporprøve i området Galden-Osen på Hafslo 19.mai. 
Me ber difor om at det ikkje må foregå blodsportrening i dette området no i forkant av blodsporprøven.
Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Ordinær blodsporprøve 19 mai.
- åpen klasse og eliteklasse.

Ordinær prøve for deg som jobbar mot eit viltsporchampionat i 2019 (det kjem truleg nye championatreglar frå og med 2020) og deg som har lyst å konkurrere.

Dommarar: Helge Alme og Birger Hogrenning
Gi beskjed til arrangør dersom du går for championat og du har 1. premie for ein av desse dommarane frå før.

Merk: Viltsporchampions MÅ starte i eliteklasse.
Andre KAN starte i eliteklasse dersom dei har 1. premie på ordinær prøve AK (1. premie frå ordinær prøve i 2018 eller tidlegare).

Merk: Du kan ikkje endre klasse ETTER at påmeldingsfristen er ute.

Dersom det er fleire påmeldt enn det er plass til på prøven - vert det gjort loddtrekking rett etter at påmeldingsfristen er ute. dersom det er ledige plassar - vert det opna opp for seinare påmelding og då er det førstemann til mølla.

OBS - nytt system! Du må no melde på via www.nkk.no - gå på Din side og meld på rett prøve der. Eller gå til prøven via terminlista på kennelklubbens heimeside. Du betalar samstundes som du melder på. Ta kontakt dersom du treng hjelp.
Påmeldingsfrist 1 mai.
Det kostar kr. 400 å gå blodsporprøve åpen klasse og kr. 500 å gå eliteklasse.

Her finn du regelverket for blodsporprøvane . Arrangementet på facebook



Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.
Bevegeleg blodsporprøve 1 april til 30 september.


Bildet kan inneholde: himmel, skumring, hav, utendørs, natur og vann


Fersksporprøve - bevegeleg 1 april - 30 april


Det er anledning å få gå bevegelege blodspor og fersksporprøvar i regi av Luster Hundeklubb frå 1.april 2015 til ut september 2015!

Laurdag 30.mai 2015 blir det ordinær sporprøve i regi av Luster Hundeklubb. Begrensa med plassar!!
Påmelding via dogweb!
 

01.05.2015 Blodsporprøven

16 påmeldte til blodsporprøven vi skal ha i slutten av mai!
Blir trekking iløpet av 01. mai helga også kjem fullstendig startliste ut så fort det er trukke.

Sporgruppa

18.10.2014 Klubbmeisterskap 2014!!

Elin Anita Gjerde med Tingeling og Inger Handegård med Chelly er klubbmeisterar i LHK 2014!
Sporgruppa gratulerar! Bilete frå arrangementet ligg under "galleri".

24.09.2014 Nyhende!!

Det blir arrangert klubbmeisterskap i blodspor i veke 43!
utgangspunktet er 8 ekvipasjar og 2 reservespor.

08.09.2014 Nyhende!!

Hege Gjerde kjem inn i styret i sporgruppa!
Me ynskjer Hege velkomen inn gruppa, og veit at dette vil styrka ho ytterlegare!
Comments