Det skal vera blodsporprøve i området Galden-Osen på Hafslo 19.mai. 
Me ber difor om at det ikkje må foregå blodsportrening i dette området no i forkant av blodsporprøven.
Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Ordinær blodsporprøve 19 mai.
- åpen klasse og eliteklasse.

Ordinær prøve for deg som jobbar mot eit viltsporchampionat i 2019 (det kjem truleg nye championatreglar frå og med 2020) og deg som har lyst å konkurrere.

Dommarar: Helge Alme og Birger Hogrenning
Gi beskjed til arrangør dersom du går for championat og du har 1. premie for ein av desse dommarane frå før.

Merk: Viltsporchampions MÅ starte i eliteklasse.
Andre KAN starte i eliteklasse dersom dei har 1. premie på ordinær prøve AK (1. premie frå ordinær prøve i 2018 eller tidlegare).

Merk: Du kan ikkje endre klasse ETTER at påmeldingsfristen er ute.

Dersom det er fleire påmeldt enn det er plass til på prøven - vert det gjort loddtrekking rett etter at påmeldingsfristen er ute. dersom det er ledige plassar - vert det opna opp for seinare påmelding og då er det førstemann til mølla.

OBS - nytt system! Du må no melde på via www.nkk.no - gå på Din side og meld på rett prøve der. Eller gå til prøven via terminlista på kennelklubbens heimeside. Du betalar samstundes som du melder på. Ta kontakt dersom du treng hjelp.
Påmeldingsfrist 1 mai.
Det kostar kr. 400 å gå blodsporprøve åpen klasse og kr. 500 å gå eliteklasse.

Her finn du regelverket for blodsporprøvane . Arrangementet på facebook



Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.
Bevegeleg blodsporprøve 1 april til 30 september.


Bildet kan inneholde: himmel, skumring, hav, utendørs, natur og vann


Fersksporprøve - bevegeleg 1 april - 30 april


Styret i Sporgruppa
          
                    Elin Anita Gjerde                        Hege Gjerde                        Helge Steig                                 Jim Sletten

Få ting er så nyttig for ein hund som det å gå spor. Ein hund som får brukt luktesansen sin og hovudet sitt, er mykje meir harmonisk og mindre stressa, enn ein hund som berre vert mosjonert. Sidan hunden alltid vert ført i line treng du ikkje ein gong ha kontroll over hunden din før du startar trening og du kan trene sjølv når det er bandtvang. Det du treng av utstyr er ei sporline og eit breidt halsband eller ein sporsele, nokre merkeband og nokre godbitar og leiker. Skal du trene blodspor treng du også blod (matblod) og ei ketsjupflaske til å leggje sporet med. I enden av sporet skal det vera ein viltdel, men du treng ikkje denne i starten av treninga.

Blodspor, ferskspor og godkjent ettersøkshund

Klubben har i mange år arrangert blodsporprøvar og fersksporprøvar med det mål å utdanne ettersøkshundar for bruk på skada hjortevilt. I dag har Luster kommune mange godkjende ettersøkshundar og mange av ettersøksekvipasjane har også gjort det utmerka på blodsporprøvar i konkurranse med alle andre rasar i heile Sør-Norge. Klubben har mange viltsporchampions. Klubben har arrangert mange kurs i spor og hatt spor som tema på mange medlemsmøte. Blodspor er ei fin og nyttig sysselsetting for dei aller fleste hundar, sjølv om eigaren ikkje er interessert i jakt eller rasen er uvanleg som ettersøkshund. Prøvane er åpne for alle rasar. Klubben har også tre dommarar som dømmer blodspor og ferskspor.