Minner om at LHK har kurs og treninger innendørs i lokalet hvor Luster Treningssenter i Gaupne har holdt til tidligere
Mandag:
18.00 - 20.00 Valpekurs (frem til 2. mars)
20.00 - 22.00 Lydighet og bruks trening
Tirsdag:
18.00 - 20.00 Introduksjonskurs i rally-lydighet (frem til 10. mars)
20.00 - 22.00 Rally-lydighet trening
Onsdag:
18.00 - 20.00 Agility grunntrening
18.00 - 20.00 Smeller trening
Treningsavgift kr. 200 totalt for alle treninger frem til vi flytter ut på Nes.
Du kan da være med på alle treninger som holdes, både smeller, lp, agility og rally.
Betales til klubben på kontonummer: 3785.60.19781
Har du lyst å trene mot prøve/starte på prøve?
Øvelsane i rallylydigheit klasse 1
Rallylydigheit klasse 1
Har hovudansvar for treningar retta mot konkurranselydigheit (LP), rallylydigheit (rally), brukshundprøvar og anna lydighetstrening som foregår på bane.
Lydigheitsgruppa i Luster hundeklubb (LP- gruppa) er ei arbeidsgruppe underlagt styret. Gruppa såg dagens lys våren 2012 då lydigheitsinteresserte i klubben vart invitert til å vera med på eit oppstartsmøte. På oppstartsmøtet vart det vedtatt å ha ei arbeidsgruppe, eit lite gruppestyre, på tre personar. Desse tre personane har hovudansvar for å organisere arbeidet til gruppa. Det vart sett som eit ynskje at desse tre personane skal vera busett i Luster kommune. LP-gruppa har arbeidsmøte med jamne mellomrom og alle referat frå desse møta ligg tilgjengeleg for alle medlemmer i klubben.
Vedtatt arbeidsmål for LP-gruppa:
Auke interessa for og kvaliteten på dei medlemmene i klubben som vil ha LP-konkurranse som ein sport og hobby og mål om å starte på konkurransar. Arbeidsfeltet til gruppa vil vera kurs/møte/treningar frå appellmerkeprøve og oppover til eliteklasse LP. Kreativ lydigheit (freestyle og heelwork to music) er ein del av gruppa sitt arbeidsområde. Det same gjeld anna lydigheitstrening på bane (brukslydigheit, apport osv.)
Sidan LP-gruppa starta opp har rallylydigheit vorte ein offisiell konkurranseform og ein sport som LP-gruppa også arbeider aktivt med. Gruppa arrangerer kurs i båe lydigheit og rallylydigheit. Gruppa har ein fast treningskveld på Nes i sommarhalvåret der interesserte medlemmer hjelper kvarandre – uansett nivå, rase osv. LP-gruppa arrangerer klubbmeisterskap i både lydigheit og rallylydigheit. For 2015 er det søkt om offisielt rallystevne første helga i mai.
I vinterhalvåret manglar me ein stad å trene. Vinteren 2013-2014 vart ridehallen på Kaupanger leigd eit par gonger. Dette ynskjer me å fortsetje med til vinteren som kjem. Håpet var å finna eit tomt lokale i Luster kommune som kunne vore nytta til innetrening om vinteren.
Kven er vi som er i denne arbeidsgruppa?
Inger Handegård – leiar av arbeidsgruppa Mobil: 918 35 324 Er NKK trinn II instruktør og instruktør i rallylydigheit. Dømmer appellmerkeprøvar. | Eva Røneid - medlem av arbeidsgruppa Mobil: 46 97 07 29 Er NKK trinn 1 instruktør. Konkurrerer sjølv aktivt i rallylydigheit og lydigheit og har hund som har 2. premie i klasse II lydigheit og som har fått 1. premie i klasse 3 rallylydigheit. | Renate Skophamar - medlem av arbeidsgruppa Mobil: 96 01 44 25 Konkurrerer sjølv aktivt i rallylydigheit og lydigheit. Har med to svært uvanlege rasar (engelsk mastiff og bulldog) klart 2. premie i lydigheit klasse 1 og premiering i rallylydigheit klasse 3. |